M/S "Gamle Opstad"

My Pictures0004.jpg (54134 bytes)My Pictures0013.jpg (89830 bytes)My Pictures0001.jpg (67081 bytes)My Pictures0008.jpg (79515 bytes)

Kos deg - med sjøluft og god mat!

"Gamle Opstad" er ein ypperleg båt for tematurar, skjergardssafari, fyrsafari - og ikkje minst fisketurar. Om bord kan du lage til og servere din eigen nytrekte, nykokte fisk og krabbe. Du treng ikkje ta med fiskestang eller pilk for å nyte god mat om bord i "Gamle Opstad" Vi serverer både Havets festbord og andre varme og kalde menyar frå Knutholmen Restaurant i Kalvåg. "Gamle Opstad har både øl- og vinrett. Velkommen om bord!

M/S "Gamle Opstad" - 6729 Kalvåg - v/Svein Fosse,

Telefon (Knutholmen) 57 79 69 00. Telefon privat 57 79 22 78. Telefaks 57 79 69 01. Mobiltelefon "Opstad": 945 07 485. knuthol2@online.no
My Pictures0007.jpg (81157 bytes)My Pictures0010.jpg (94959 bytes)My Pictures0009.jpg (88863 bytes)My Pictures0006.jpg (82593 bytes)
Båten har vore ein populær turbåt heilt sidan partsreiarlaget Gamle Opstad starta utleige av båten sommaren 1998. Den tidlegare rutebåten  blir mellom anna brukt til blåturar og bedriftsturar, til turar til festivaler og større arrangement rundt om i Sogn og Fjordane, og til turar til utfluktsmål - som den gamle handelsstaden Rugsund og øya Selja med klosterruinane.
"Gamle Opstad" kan leigast heile året. Kysten av Sogn og Fjordane er både lang og utruleg variert, frå Stadlandet og Hornelen som stupar bratt i havet, til dei flate lyngkledde øyane i Gulen. Og så har vi dei lange fjordane... Frå dekket på "Gamle Opstad" kan du nyte utsynet og sjølufta til fulle. Og blir det for kaldt eller vått, har båten to koselege salongar.
op1.jpg (23725 bytes)op2.jpg (28862 bytes)op3.jpg (44961 bytes)op4.jpg (26455 bytes)
Historikk
"Gamle Opstad" er ei treskøyte som er bygd i 1955 ved Salthammarbåtbyggeri. Båten har i si tid gått i passasjer og lastruter både på Nordmøre og på Sognefjorden. I 25 år gjekk båten i bygderute mellom Berle og Måløy. Då var "Gamle Oppstad" sambandet med omverda for mange veglause småbygder under det mektige fjellet Hornelen.
Sommaren 1998 danna privatpersoner og organisasjonar i Bremanger kommune partsreiarlaget Gamle Opstad, som har kjøpt og vil ta vare på denne spesielle båten med så mykje kystkultur knytta til seg. "Gamle Opstad" har no base i Kalvåg, eit vestlandsk fiskevær med rike tradisjonar og eit eineståande sjøhusmiljø. Båten kan leigast til turar av alle slag, og tar opptil 48 passasjerer. 
"Gamle Opstad" var ein av dei siste tradisjonelle bygderutebåtane på Vestlandet. I fleire tiår var båten livsnerven for folk i småbygder langs veglause strender. Med "Gamle Opstad" reiste dei til butikk, lege, tannlege, offentlige kontor, og med "Gamle Opstad" fekk dei posten. Båten har frakta både mjølketankar, formjøl, traktorar, bygningsmaterialar, kyr og sauer. Det knyter seg utruleg mykje kystkultur til denne spesielle båten - det vil du føle om du tar ein tur med "Gamle Opstad".

My Pictures0003.jpg (73346 bytes)My Pictures0011.jpg (92155 bytes)My Pictures0012.jpg (74604 bytes)My Pictures0002.jpg (80296 bytes)

Denne websiden er produsert  av Werner Moss Totland, www.kalvaag.net Sidene ble sist oppdatert 13-06-2005